Lesetips for barn og unge

Landet under isen av Lars Mæhle

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 01/07/2010

Leo Rubin bor hos besteforeldra i bygda Smalvik. Ved Smalvik finns ein stor truande isbre og eit illevarslande mørke kjem stadig sigande innover den vesle bygda. Foreldra til Leo Rubin er sporlaust forsvunne og skumle ting skjer. Sagnet seier at det finns eit bortgøymt land under isen og at det skal finnast ein utvalgt,  som skal kjempe mot det vonde under isen og få lyset fram igjen i Smalvik. Denne puslete, mobba guten Leo Rubin viser seg å vere den utvalgte som skal finne dei 7 protokollane som viser veg.

Denne boka er kjempespennande og nifs. Likar du ikkje ekle, skumle bøker …ikkje les denne!

Münch, Anette: Jenteloven

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 01/07/2010

Saga bor saman med faren og har det som ungdomar flest , oppteken av venniner, gutar og festing. Mot si vilje må ho ein dag flytte til mora i byen. På den nye skulen vert det ei stor utfordring å skaffe seg nye vener. Lene er den einaste i klassa som tek kontakt og Saga vert etter kvart presentert for venninene hennar . Saga finn raskt ut at desse jentene  er voldelege, driv med butikknasking og andre ulovlege saker. Denne kvardagen med spenning og grensesprenging er tiltrekkande og Saga held fram med å vanke saman med dei. Jentene lover på tru og ære og stille opp for kvarandre – uansett. Kva vil så skje viss ein av dei ikkje vill vere med i fellesskapet lenger?  Vil Saga vere med på alt i gjengen, alt dei gjer mot andre?  Kvifor måtte Saga flytte og kvifor høyrer ho ingenting ifrå faren – ingen telefon, ikkje noko brev?

Denne ungdomsboka  er det fart og driv i. Den viser kor lett det kan vere å gjere noko mot sin eigen moral og viser også  kva gruppepress kan føre til.

Absolutt ei leseverdig bok!

Nilsson, Frida: Hedvig

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 04/21/2009

Denne boka handlar om Hedvig som er 7 år og snart skal byrje på skulen. Ho bor på ein liten gard i Sverige der det er langt til næraste nabo, så Hedvig har ingen å leike med. Derfor gler ho seg… veldig!! Det vert morosamt på skulen, for ting skjer rundt Hedvig. Ein dag leikar Hedvig hest saman med venninnene Linda og Ellen. Ellen er hesten og vert ein skikkeleg vill hest. Dermed stenger Hedvig og Linda henne inn i skuret ute på leikeplassen. Skuleklokka ringer og Hedvig og Linda gløymer den innestengde jenta, men heldigvis oppdagar læraren at Ellen ikkje er til stades og ho vert gråtande slept laus. Jentene får skikkeleg skjenn og telefon heim. Hedvig angrar seg og rømer til skogs der ho vandrar seg vill. Ein annan gong kranglar ho med Rickard, ein gut i klassen, og for å hevne seg på han fyller ho såpe på drikkeflaska hans. Rickard tek ein slurk og på kveldinga ringer mora heim til Hedvig og spør kva slag såpe Rickard drakk, for han spyr… Er det farlig, eller??? Ellers manar ho fram ånder på do og prøver å straffe kantinedama med elektrisk sjokk!! Hedvig er altså ei “slyngeljente” med rare påfunn og idear.

Frida Nilsson er svensk og vert av kritikarane samanlikna med Roald Dahl. Historia om Hedvig er absolutt morosam og humoristisk samtidig som den kan vere alvorleg. Forteljinga passar best som høgtlesingsbok for småskulen.

Ann-Mari

Downham, Jenny: Før jeg dør

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

Før jeg dørSom tittelen seier skal Tessa 16 år snart dø, men så har ho så mykje ho vil ha gjort…. Ho kjempar for å leve og kjempar med sjukehusbesøk, prøver og medisinar med uendelege bivirkningar. Opp i dette prøver Tessa å leve mest mogleg som normalt og lagar ei liste:
“dette må eg gjere før eg dør-liste”. Med støtte frå bestevennina kastar ho seg ut i livet for å oppleve og startar på nr. 1 – sex. Med stort pågangsmot går ho inn for saka, og om det vert etter forventningane, er ikkje så viktig, for som bestevennina seier: Kva har ho å tape? Er det ikkje viktigare å føle at ein lever akkurat no?

Boka handlar og om forholdet mellom Tessa og faren, broren og mora som har flytta frå dei. Det er ikkje berre lett å ha ein døande ungdom i huset. Faren kjempar med redsle og sinne når Tessa utset seg sjølv for ting som både er ulovleg og farleg.

Dette er ei fantastisk og gripande historie om livsvilje, redsel, sinne og kjærleik.

Gavalda, Anna: 35 kilo med håp

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

35 kilo med håp

35 kilo med håp

Georg har store problem og får det ikkje til på skulen eller i livet sitt. Han er no 13 år og må gå om igjen 6. klasse. Det er andre gong han må starte på nytt. Han er eit problem for alle, også foreldra som stadig kranglar om kva dei skal gjere med han.

Heldigvis for Georg så har han ein bestefar, bestefar Leon, som støttar han og tek han til arbeidsromet sitt der Georg får produsere eigne oppfinningar og der han får ha sitt friminutt frå kvardagen.
Då Georg dumpa i 3. klasse, tok bestefaren han på fanget og fortalte historia om haren og skilpadda som konkurerte om å kome først i mål.
-Du ser det gutten min, at ingen ville satse fem flate på den stakkars skilpadda som var så treg av seg… Og likevel ble det den som vant… Og vet du hvorfor den vant? Jo, den vant fordi den var tapper og utholdende. Og du er også tapper og utholdende..

Men nok er nok og bestefar Leon vert skikkeleg sint denne siste gongen Georg vert utvist. Jeg liker folk som tar livet sitt på alvor, forstår du! Det jeg derimot ikke liker er slappfisker som går og sutrer, og som blir utvist på grunn av dårlig oppførsel…

Georg mister heilt fotefeste den dagen bestefaren vert alvorleg sjuk, men som tittelen på boka seier er det håp!

Belsvik, Rune: Verdas mest forelska par

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

Verdas mest forelska parVi skal til Bløygen som er ei lita bygd. I Bløygen bur Bidger og Esmiluni som er så forelska at kommunestyret melder dei på i verdsmeisterskapet i pludring og romantikk. Men det er ikkje berre Bidger som er forelska i Esmiluni. Bjørn Disel på bensinstasjonen er også svært forelska i henne. Dermed er det klart for spenning. Vi les om sjalusi og sakn.

Belsvik er dyktig språkleg. Han har skrive ei barnebok som godt kan lesast av alle mellom 7 og 97 fordi ho handlar om kjærleik og forelsking.

Boka har humor. Lydbokutgåva av denne boka er også å anbefale. Forfattaren les sjølv på ein glimrande måte.

Nilsson, Per: Svenne

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

SvenneFredrik Svensson, eller Svenne som han vert kalla, veks opp i ei lita bygd utanfor Malmø. Han er 17 år og foreldrelaus. Mora døde då han vart født, og den ressurssterke faren som var bilmekanikar, dør i ei tragisk ulykke. Foreldra til bestekompisen Danne tek seg av han og gir han hjelp og støtte.

Under ein skuletur til Stocholm vert Svenne banka opp av ein gjeng innvandrarar og hamnar på sjukehus. Det vert store avisoppslag om hendinga. Når han kjem heim, dukkar den karismatiske Nils Dackeman opp og overtalar Svenne til å ta imot ein godt betalt sommarjobb som gartnar hos han. Svenne må også ha politiske samtalar med Dackeman og den somaliske kona hans Sonya, og det viser seg etter kvart at jobben består i å vere partisekretær for det nystarta partiet, “Rettferdighetspartiet”.
“Rettferdighetspartiet” er eit høgrepopulistisk parti som Dackeman er leiar for, og som raskt blir Sveriges nest største på meiningsmålingane. Kva ligg så bak dette partiet? Kva vil dei? Fleire og fleire av medlemane fell i frå etter kvart som dei oppdagar kva som skjer. Svenne føler også at dette vil han ikkje vere med på, men Dackeman med sine gode overtalingsevner, klarer å overtyde han. Dessutan er Svenne fengsla av Sonya og har vanskar med å forlate henne.

Tanken på eit rettferdig Sverige, den gode nasjonalismen og den sterke staten med lik lønn for alle er nok i prinsippet god, men kva så med dei onde kreftene som partiet tiltrekke seg? Er det alle midlar som helligar målet?
Svenne, forteljarstemma i boka, sit i ei forlatt hytte og fortel kva som har skjedd, samstundes er han den mest ettersøkte personen i Sverige.

Marit Kaldhol: Ho som ror

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

Ho som rorEin jentunge kjem seg lett ut i båt når naustdørene står opne. Ho som ror ser seg ikring, og ho ror sakte, men med faste tak for å få med seg alt i sitt tempo, utan forkaving.

Ho reiser (nei, ho ror framleis!) til den gløymde bygda innetter fjorden, mor si barndomsbygd og går opp ei jentefortid der. Ei tid med rabarbra bakom uthuset og surmjølksblende i spann.

Ho ror tilbake til ei travlare notid, og der:

når ho kjenner farta i skroget
når ho kjenner styrken i beina
når ho kjenner dunkinga i blodet
når ho kjenner vinden i håret
når ho kjenner himmelen i magen
når ho kjenner heiinga i hovudet
når ho kjenner drivet i livet

hugsar ho hendene
til han som heldt henne
heilt stille

Boka er lettlesen med stutte, kvardagslege ord og utan lange liner.
Kven boka passar for? Alle som ikkje treng påhengar for å ta seg ut nytt méd.

Kolerud, Arnfinn: Zoomarferien

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

ZommarferienHar du høyrt om skrattoteket ? Det er ei gransking av ulike måtar å flire på, sett opp systematisk av bokas 14-årige helt, Odd.  Skrattologi er ein alvorleg vitskap.

Men i ei lita romsdalsbygd, femten minutt frå Åndalsnes, har framtøk ungdom andre sommarprosjekt:
Odd og Per Tore går inn for å smygfotografere med Per Tores nye kamera med zoomlinse. Dei har tenkt seg å selje bileta tilbake til dei fotograferte for store kroner.
Eigentleg har dei tenkt seg bilete av jentekroppar, men berre før termofiseringa set inn. Det er for langt mellom dei rette jentene i bygda, så dei må nøye seg med eit lokalt boss-svin som ikkje er så lett å presse pengar av.

Odd har humor, ein velutvikla skepsis mot sunnmøringar, særleg om dei kjem frå Syvde, og ei filosoferande veslesyster som gjer livet enkelt og innfløkt samtidig.

Boyne, John: Gutten i den stripete pyjamasen

Lagt inn av: Ålesund bibliotek på: 02/20/2009

Boka handlar om den tyske guten Bruno som saman med familia si, mor far og ei Gutten i den stripete pyjamasensøster, bor i Berlin der han går på skule og har mange vener. Som barn flest lever han sitt vanlege, trygge liv og har ikkje så god innsikt i det som skjer rundt. Ein dag må familia flytte til ein stad der det er eit merkeleg gjerde. Innom gjerdet går menneska i “stripete pyjamasar” og i motsetnad til Bruno, vil no lesaren etterkvart forstå kva slag stad Bruno og familien har flytta til.

Bruno vert i løyndom ven med ein gut i stripete pyjamas og får etter kvart litt innsyn i kva som skjer innanfor gjerdet. Bruno har eit stort ynskje om å få kome inn dit til guten, og ein dag skjer det…

Kategorier